TAKVASK
Takvask er viktig av fleire grunnar:
​
-
Fjerning av mose og alger: Over tid kan mose, alger og anna smuss samle seg på taket. Dette kan ikkje berre føre til skade på takmaterialet, men også føre til lekkasjar og vassskade inne i huset.
-
Førebygging av skade: Regelbunden takvask kan hjelpe med å oppdage eventuelle problem tidleg, slik at dei kan bli tatt hand om før dei blir alvorlege og dyre å reparere.
-
Estetikk: Eit reint og velhaldt tak forbetra utsjånaden til heile huset og kan auke eigedomsverdien.
FRAMGANGSMÅTE (softvask)
Framgangsmåten for takvask i bedrifta vår:
​
I bedrifta vår følgjer vi ein nøye utarbeidd prosess for takvask med softvask:
(Her får ein på ein måte gratis etterbehandling)
​
-
Først inspiserer vi taket som skal vaskast for å legge ein plan og bli oppmerksam på ting vi må ta hensyn til. Vi stenger og igjenn nedløpa so dei ikkje fyller seg med mose.
-
Deretter kostar vi av so masse mose og anna vekst som mulig.
-
So påfører vi eit spesielt rengjeringsmiddel på taket. Dette middelet er utforma for å drepe og løsne smuss, mose, alger, og anna skitt uten å skade taket.
-
Reingjeringsmiddelet vil då gjer til at mosen dør og mistar grønfargen, etter ditta kan ein forvente at taket berre blir betre og betre heilt til all mose er vekke med hjelp av vær, vind og tid.
![Takvask området Åsaberget 1.png](https://static.wixstatic.com/media/747be3_a362099e110f46449a7aa518c53799c2~mv2.png/v1/fill/w_447,h_714,al_c,q_85,usm_1.20_1.00_0.01,enc_avif,quality_auto/Takvask%20omr%C3%A5det%20%C3%85saberget%201.png)
![Tak GÃ¥semyr.png](https://static.wixstatic.com/media/747be3_79061cbaca19429180340590ff3da235~mv2.png/v1/fill/w_477,h_386,al_c,q_85,usm_0.66_1.00_0.01,enc_avif,quality_auto/Tak%20G%C3%A5semyr.png)
FRAMGANGSMÅTE (Høgtrykk)
Vi frarådar å bruke høgtrykk på takstein då det er svært skadelig for taksteinen men om ein vil det so er det slik vi gjer det:
​
-
Først inspiserer vi taket som skal vaskast for å legge ein plan og bli oppmerksam på ting vi må ta hensyn til. Vi stenger og igjenn nedløpa so dei ikkje fyller seg med mose.
-
So kostar vi av mose frå taket om der ligg so mykje at det vil være til hinder.
-
Deretter begynder vi å spyle ifrå toppen av taket og jobbar oss nedover for å få med alt og ikkje spyle inn under taksteinen.
-
Til slutt kan ein velge om vi skal sprøyte på etterbehandling for å drepe all resterande algar so det tar lenger tid før dei kjem att.
​